Statsforvaltaren i Vestland flyttar til Solheimsviken

Luftfoto over Solheimsviken
Publisert: 22/02/2023
Kategori: Nyhet

Ved årsskiftet flyttar dei rundt 200 medarbeidarane i Bergen inn i rehabiliterte og moderne lokale i Motorhallen.

Partane signerte leigekontrakten like før jul, og rehabiliteringa av areala på i underkant av 4000 kvadratmeter er i full gang.

GC Rieber Eiendom AS eig Motorhallen og står for rehabiliteringa. Bygget frå 2001 er allereie bygd om, og har fått fleire nye leigetakarar dei siste åra. Tolletaten overtok nye lokale i femte etasje i 2021. Bygget har fått nytt inngangsparti, ny kantine, oppgraderte garderobar og nytt treningsrom.

– Etter ein god anbodsprosess ser vi fram til å flytte til Solheimsviken, seier statsforvaltar Liv Signe Navarsete. Det har vore viktig for oss å finne eigna lokale når vi no skal gå over til å arbeide i kontorlandskap. Vi har òg lagt vekt på at vi treng eigen inngang for besøkande og gode tilleggstenester for alle tilsette. Vi er trygge på at dette skal bli ein god arbeidsstad. Gjennom kontraktsforhandlingane har vi lært GC Rieber Eiendom å kjenne som ein profesjonell og løysingsorientert aktør, og vi ser fram til eit godt samarbeid framover.

– Solheimsviken er ein del av Bergens innovasjonsdistrikt. Vi ser det som ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag å samle aktørar frå offentleg sektor, akademia, næringsklynger og oppstartsbedrifter, og skape gode arbeidsvilkår for deira tilsette. Offentleg forvaltning er ein viktig premissleverandør for innovasjon og samfunnsutvikling. Vi trur dei tilsette hos Statsforvaltaren vil trivast i dette miljøet, seier administrerande direktør Tor Instanes i GC Rieber Eiendom.

Kontaktinformasjon

Liv Signe Navarsete, statsforvaltar, + 47 57 64 30 01
Tor Instanes, administrerande direktør GC Rieber Eiendom AS , +47 924 04 828

For meir informasjon om partane:
Om Statsforvaltaren i Vestland: www.statsforvalteren.no/vestland/
Om GC Rieber Eiendom AS: www.gcrieber-eiendom.no

keyboard_arrow_up